PapirIfølgje arkivforskrifta § 2-12 skal papir som lagringsmedium i offentlege arkiv oppfylle krava i internasjonal standard for permanent papir, ISO 9706. Arkivverket godkjenner berre to papirtypar; kvitt, "ubestrøke" kontorpapir (80 g/m2) og papir til reguleringskart (90 g/m2). Førespørslar om å godkjenne andre papirtypar, blir avviste. Søknader om godkjenning skal innehalde dokumentasjon på at papiret oppfyller krava i ISO 9706 (1994) og ha vedlagt prøver på papiret som skal godkjennast. Spesifikasjonane i dokumentasjonen skal gis i samsvar med ISO-standarden. Dokumentasjonen skal vere utført av eit relevant laboratorium, men produsenten sine data blir aksepterte. Dokumentasjonen kan ikkje vere eldre enn tre år. Godkjenningar blir gitte for tre år om gangen. Eldre godkjenningar utan tidsavgrensing skal også fornyast for periodar på tre år. Kunden har sjølv ansvar for å søkje om fornya godkjenning. Når det blir søkt om fornya godkjenning skal det leggjast fram ny dokumentasjon ettersom produksjonen kan vere endra sidan sist. Nedanfor følgjer to lister over dei papirkvalitetane som Riksarkivaren har godkjent i samsvar med gjeldande standard. Den første lista gjeld papir til kontorbruk, den andre papir til reguleringskart. Det er utløpsmånad og –år for godkjenningane. Godkjenningar som har stoppa i 4. kvartal 2012 er førebels ikkje fjerna frå lista. Listene blei sist oppdaterte 8. februar 2013. KontorpapirKravet vårt er at papiret oppfyller ISO 9706 og at det er kvitt og "ubestrøke". Berre 80 g/m blir akseptert. Lista er avgrensa til papir for kontorbruk, for skrivarar og kopimaskinar. Vi har ikkje godkjenning for trykkpapir eller omslag, som nokre ganger blir brukt som kopieringspapir og som også kan oppfylle standarden for ISO 9706. Cocoon Office 10/2015 Cocoon Offset 10/2015 Cocoon Preprint 10/2015 Copy 80 09/2015 Data Copy 10/2015 Image Business 10/2015 Image Volume 10/2015 MultuCopy Colour Laser 09/2015 Pioneer 10/2015 Pioneer Preprint 10/2015 Plano Dynamic 09/2015 Plano Plus 09/2015 Sky Copy 09/2015 Sky Laser 09/2015 Staples Premium 09/2015 Superior 09/2015 Symbio Copy 10/2015 Team 10/2015 Truecolor Papier Matt 3330 01/2014 UPM Office copy/print 01/2016 Papir til reguleringskartKravet vårt er at papiret oppfyller ISO 9706 og at det er kvitt og "ubestrøke". Berre 90 g/m2 blir akseptert. Lista gjeld papir til blekkskrivarar. Til fargekopiar opp til A3-format kan det også brukast vanleg kontorpapir, sjå liste 1 Kulepenner som oppfyller svenske/norske krav: PennarDet svenske riksarkivet har i Riksarkivets föreskrifter och allmänna råd om tekniska krav och certifisering, RAFS 2006:4, 4 kap. § 4 ei liste over kulepennar som oppfyller krava i SS-ISO 11798, utgåve 1. Vi har ikkje kjennskap til om alle pennane er å få i Noreg. ALKEJ AB Artline Softline 1500, 0,3 mm, svart Artline Softline 1500, 0,3 mm, blå Artline Softline 1500, 0,3 mm, rød Artline Softline 1500, 0,3 mm, grønn Ballograf AB Ballograf Original Refill, fine, medium, blå Bic Nordic AB Bic Crystal medium, blå Bic Clic medium, blå Jaan Ingel AB Stainless TC ball INGLI 1,0 mm, blå Noroffice AB Neo-Fix rollerball, 0,5 og 0,7 mm, blå Rahmqvist Delectum AB New Roller 17721, svart New Roller 17771, svart New Roller 17723, 0,5 mm, blå New Roller 17773, 0,7 mm, blå New Roller 17722, 0,5 mm, rød New Roller 17772, 0,7 mm, rød
|